ALV – Møre og Romsdal og involvering av brukarorganisasjonar

ALVALV-Møre og Romsdal er ein læringsarena for velferdsteknologi drifta som eit samarbeid mellom NTNU i Ålesund og 13 partnarskapskommunar. I samarbeid med eit nettverk av samarbeidsaktørar, innan det offentlege, akademia, privat næringsliv og samfunnsaktørar, jobbar  ALV-Møre og Romsdal  for å bygge og dele kunnskap omkring velferdsteknologi.

ALV-Møre og Romsdal gjennomførte 07.april 2016  eit positivt og nyttig dialogmøte med brukarorganisasjonar, og drøfta korleis desse kan ta aktivt del i ALV.

Møtet fokuserte på verdien av brukarinvolvering  når ein skal lære om og ta i bruk velferdsteknologi, og korleis ein på organisasjonsnivå kan spele på kvarandre og oppnå samskaping. Diskusjonen leia fram til eit ønskje om ei arbeidsgruppe, basert på ulike brukarorganisasjonar, ei “ALV – brukargruppe”. Denne gruppa kan kome med innspel relatert til behov og mulege prosjekt , bidra med ressurspersonar til ulike prosjekt og aktivitetar, samt vere ein sparringspartnar for arbeidet i ALV.

ALV ønskjer å følge opp dette forslaget, og sender ut invitasjon til relevante forbund, lag og organisasjonar, råd og utval. Målsetjinga er å gjennomføre eit fyrste møte før sommarferien, eller tidleg på hausten.

Dersom nokon alt no er interessert i å vere representert i ei “ALV-brukargruppe”, kan dette meldast til prosjektleiar Tone Kirkhorn på [email protected]

Deltakarane kom frå ulike brukarorganisasjonar og brukarråd frå fleire kommunar. ALV rettar ei stor takk til desse for ein særs nyttig, positiv og god dialog!

Møtet vart gjennomført med bidrag frå NTNU, Senter for omsorgsforskning, midt og Utviklingssenter for hjemmetjenester i Møre og Romsdal.