Omsorg som glasur over ein medisinsk logikk i statlege føringar for norsk sjukepleieutdanning

Systematiske dokumentanalysar av fagpolitiske forslag (1921–1929) og statlege føringar (1950–2019) for norsk tre-årig sjukepleieutdanning viser at omsorgsomgrepet har hatt ein marginal plass i slike dokument. Omgrepet omsorg blei introdusert i 1980, men dei statlege føringane for norsk sjukepleieutdanning har aldri vore fundert i omsorgstenking eller andre filosofiske, teologiske eller teoretiske konsept som kunne gjere sjukepleie som praksis og sjukepleie som teoretisk fag til ein distinkt autonom profesjon med ein eigen logikk og ein relativ autonomi.

Les mer her.