Disputas: Sjuke og døyandes forteljingar

SYNNESDOKTOR550PX__240
Oddgeir Synnes disputerer 1. juni ved Det teologiske Menighetsfakultet for graden ph.d. med avhandlinga «Forteljing som identitetskonstruksjon ved alvorleg sjukdom: Ein hermeneutisk analyse av alvorleg sjuke og døyande sine forteljingar».

Av: Pressemelding fra Menighetsfakultetet

Arbeidet er ein analyse av 450 forteljingar av 51 informantar (43-95 år) innan palliativ omsorg. Hovudfokus i avhandlinga er ei undersøking av forteljingane som ulike identitetskonstruksjonar. Arbeidet er ikkje ei psykologisk undersøking av personleg identitet hos informantane, men eit hermeneutisk prosjekt der det er den narrative identiteten i forteljingane som blir vektlagt. Det teoretiske fundamentet i avhandlinga består av tre perspektiv som på ulikt vis framhevar ein narrativ identitet: Paul Ricoeurs filosofiske argumentasjon kring narrativ identitet og personleg identitet, Arthur W. Franks arbeid med sjukdomsforteljingar og Anthony Giddens’ teori om sjølvet i det seinmoderne samfunnet.

Avhandlinga viser at den narrative identiteten i empirien er kjenneteikna av ein søken etter samanheng eller forsøk på å oppretthalde ein kontinuitet. Men dette lykkast ikkje alltid. Slik er det tidvis ein sårbar narrativ identitet som kan bli sett under press eller gå i oppløysing. I mange forteljingar blir samanhengen søkt som eit motsvar på den krisa sjukdomen utløyser. Men i størsteparten av forteljingane har sjukdommen ei underordna rolle eller blir ikkje tematisert. Her trer forteljarane fram som noko langt meir enn eit alvorleg sjukt menneske. Eit anna viktig moment er korleis den narrative identiteten i materialet inneber ulike verdimessige førestellingar om «det gode liv». Desse kan karakteriserast som sjølvtranscenderande verdiar: «Det gode liv» blir realisert gjennom involvering med andre, ved at ein plasserer seg i ein større samanheng og gjennom refleksjon over eiga plassering i livet.

Forteljingane kan vidare sjåast som ei dobbelt rørsle. Gjennom forteljingane stadfestar forteljaren seg overfor seg sjølv: Eg er framleis her med min sjukdom, men òg med mi historie, mine minne, mine relasjonar og med ei stemme. Samstundes inneber forteljingane ein narrativ relasjon mellom forteljaren og tilhøyraren gjennom det som blir fortald. Avhandlinga har avdekka at det å fortelje inneber eit meiningsskapande arbeid heilt til livets slutt.