Kunnskap og praksis i demensomsorga

KNUTMS__240
Kva verkar inn når ny kunnskap skaper endring av arbeidsmåtane i omsorga for personer med demens? Rapporten er utdrag frå ei masteroppgåve i helse og sosialfag ved Høgskulen i Volda.

Av: Knut Åmås
Bakgrunn
Denne rapporten er utdrag frå ei masteroppgåve i helse og sosialfag ved Høgskulen i Volda. Oppgåva rettar fokus mot helsepersonell som har gjennomført eit studie i miljøretta demensomsorg. Hovudmålet med masteroppgåva var å lære meir om korleis helsepersonell med ny kunnskap om miljøterapi i demensomsorga har verka inn på praksis. Kva verkar inn når ny kunnskap skaper endring av arbeidsmåtane i omsorga for personer med demens?
I Norge har det skjedd ein stor kompetansevekst i demensomsorga dei siste ti åra som særleg gjeld auka merksemd mot personorientert omsorg og meir aktivt miljøarbeid. Dei siste åra har vi hatt nasjonale føringar med både kursprogram og støtteordningar for kompetanseutvikling.
Stortingsmelding 25 (2005-2006), kalla omsorgsmeldinga, fekk tittelen: Mestring, muligheter og mening. Fremtidens omsorgsutfordringer. Meldinga har eit større fokus på kompetanse enn tidlegare. Dette vart tydeleg i Omsorgsplan 2015, som er ei oppfølging av denne meldinga og med Demensplan 2015 og Kompetanseløftet 2015 som delplanar (Helse- og omsorgsdepartementet 2006). Dette avspegla ei erkjenning av auka kunnskapsbehov i omsorga for demente. Frå 2000-talet ser vi ein stadig auke i talet på personar med aldersdemens. Mellom 70 og 80% av dei som bur på sjukeheimar i Norge har ein mental reduksjon (Jakobsen 2007). Det er difor behov for utvida kunnskap i alle einingar.
Nasjonalt kompetansesenter for aldring- og helse starta fleire utviklingsprogram frå 2007. Eit eige program for miljøbehandling i demensomsorga starta i 2008, med utvikling av studieprogrammet Demensomsorgens ABC som eit viktig tiltak. I 2011 kom rapporten: Kompetanseløft på arbeidsplassen (Aldring og helse 2011). Denne viser at i alt 296 kommunar (69%) hadde opplæringstiltak med Demensomsorgens ABC eller Eldreomsorgens ABC i 2010. Rapporten viser at mange opplever auka kompetanse, men lita grad av betre organisering og støtte for endringar.
Nettopp slike signal som etterlyser meir endra praksis er bakgrunnen for denne oppgåva og har inspirert Åmås til å sjå meir på erfaringar frå praksisfeltet.
RAPPORT:
KUNNSKAP OG PRAKSIS I DEMENSOMSORGA
Master i helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering. Høgskulen i Volda.
Lenke til masteroppgåva.