Ferdigstilling av rapport – Sporing av personar med kognitiv svikt med hjelp av GPS

Prosjektet er eit del-prosjekt av det Midt-norske Velferdsteknologiprosjektet der hovudmålet er at brukarar og deira pårørande skal oppleve ein trygg kvardag gjennom bruk av individuelt tilpassa velferdsteknologiske løysningar.

Føremålet med prosjektet var å samle erfaringar om sporing ved hjelp av Global Positioning System (gps) og om slik sporing kunne vere med å gje brukar og pårørande auka livskvalitet i form av meir tryggleik og fridom.

Brukarane sin medverknad skulle være sentral i utviklinga av ein tildelingsmodell.

Denne rapporten ønskjer å gje svar på:

  • Kva forventningar har brukarar, pårørande og helsepersonell til bruk av sporingsteknologi?
  • Kva erfaring har dei same aktørane etter at sporing har vorte prøvd ut?

Du kan lese hele rapporten her.