Innføring av Kvardagsrehabilitering i Ålesund kommune

Eldre par på tur

 

Bakgrunn for prosjektet

Framskrivingar utarbeida av Statistisk Sentralbyrå viser (som på landsbasis) at talet på eldre over 67 år med behov for institusjons- og heimeteneste i Ålesund kommune vert dobla fram til 2040 (frå 1214 personar i år 2011 til 2551personar i år 2040). Med ei vidareføring av dagens tenestar medfører dette ein tilsvarande dobling i talet på årsverk. Dette vil ikkje vere bærekraftig og kommunen er avhengig av å finne alternative metodar for å utnytte dei  ressursane ein har til rådigheit for tenesta.

Fleire kommunar har vist at effekten av kvardagsrehabilitering er tredelt:

  • Brukarane: klarer å utføre aktivitetar som er viktige for dei sjølve, i staden for å være passive hjelpemottakarar
  • Kommunaløkonomisk: Auka mestringsevne vil  innebere at kommunen får redusert

ressursbruk ved ein reduksjon i behovet for heimetenester og ei utsetting av

tidspunktet for heildøgns pleie og omsorg (f.eks. utsatt sjukeheimsinnlegging).

  • Medarbeidarane i dei kommunale helse- og omsorgs tenestane opplever det som

tilfredsstillande og motiverande at deira innsats fører til at brukarane mestrar aktivitetar i

 

Du kan lese mer om prosjektet her